Det er klart etter fleire vekers forhandlingar, melder VG. Dei skal ha fått stadfesta einigheita, og det blir vidare meldt at både Sp og Ap har gruppemøter klokka 16.30 tysdag ettermiddag for å godkjenne budsjettavtalen.

Ap, Sp og SV var samla for ein siste runde om neste års statsbudsjett på Statsministerens kontor (SMK). Einigheita vart nådd etter å ha forhandla nesten heile natta.

Firda kjem tilbake med meir.