To dagar etter at Anders Mol testa positivt for korona har han tatt ein ny test. Den nye testen viste seg å vere negativ.

Dette stadfestar far og trenar Kåre Mol til VG.

– Anders testa negativt og vi er veldig undrande til korleis han kunne teste positivt. Vi er i alle fall veldig lei oss for at dette kan ha sett ein stoppar for Norge 2 sin OL-draum, skriv Kåre Mol i ein SMS til avisa.

Som følge av sandvolleyballstjerna sin positive test vart Mathias Berntsen og Henrik Mol, som utgjer lag-duoen Norge 2, også sett i isolasjon.

Anders Mol og Mathias Berntsen har begge familie i Naustdal og har begge spelt for Førde VBK.