Bergen vil ha nynorsk i vestlandsregionen

VESTLANDSREGIONEN: F.v.: fylkesordførarane Jenny Følling (Sp, Sogn og Fjordane), Anne Gine Hestetun (Ap, Hordaland) og Solveig Ege Tengesdal (KrF, Rogaland) signerte intensjonsavtalen om å etablere Vestlandsregionen i september.

VESTLANDSREGIONEN: F.v.: fylkesordførarane Jenny Følling (Sp, Sogn og Fjordane), Anne Gine Hestetun (Ap, Hordaland) og Solveig Ege Tengesdal (KrF, Rogaland) signerte intensjonsavtalen om å etablere Vestlandsregionen i september. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

BERGEN: Byrådet i Bergen ønsker at den nye vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk.

DEL

Det melder Bergens Tidende.

– Er det éin region i Norge der det er naturleg at administrasjonsspråket blir på nynorsk, så er det vestlandsregionen. Det handlar om både historie og identitet, og at eit nynorsk under press blir tatt godt vare på, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) til BT.

Byrådet sender i dag eit forslag til høyringsutsegn om den nye vestlandsregionen til bystyret. Dei skal behandle saka ei veke seinare, på neste bystyremøte.

Schjelderup fortel at det var semje om utsegna blant dei tre byrådspartia, og at han håpar på ei brei tilslutning frå bystyret.

– I Norge er det nynorsken som er under press. Vi er opptatt av at vi skal vere ein regionhovudstad som tar godt vare på nynorsken, seier han til BT.

Nynorsken står på spel

Då intensjonsavtalen om å samle Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i eitt fylke vart forhandla fram, fekk Rogaland gjennomslag for at nynorsk ikkje skulle vere offisielt skriftspråk. Høgrepolitikar Bjørn Hollevik meinte avtalen set nynorsken på spel.

– Eg forstår ikkje at Jenny Følling og hennar fylkesordførarkollega i Hordaland, sogningen Anne Gine Hestetun, kunne finne på å akseptere dette, sa Hollevik til Firda 19. september.

I det nye forslaget frå byrådet i Bergen står det mellom anna:

«Bergen kommune mener det er naturlig at administrasjonsspråket i den nye regionen blir nynorsk. Den nye regionen vil være en stor og viktig tekstprodusent, og med nynorsk som administrasjonsspråk vil den bidra til at innbyggerne møter nynorsk i en bokmålsdominert hverdag.»

Artikkeltags