Vestlandets rolle i norsk språkpolitikk

No som før er gamle Sogn og Fjordane det nynorske grunnfjellet, skriv Ottar Grepstad i denne kronikken.

No som før er gamle Sogn og Fjordane det nynorske grunnfjellet, skriv Ottar Grepstad i denne kronikken. Foto:

Av
DEL

KronikkDette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vestlandet er tyngdepunktet for bruken av nynorsk, og Bergen er den kommunen i landet som har flest nynorskbrukarar. For norsk språkpolitikk er det første viktigast.

Dei siste åra under den tyske okkupasjonen var det forbode å diskutere språk i Noreg. Inne i Skånevik tjuvstarta folk på det språkpolitiske lokaldemokratiet våren 1945. Der blei det halde ei folkerøysting i Mortveit krins, som då var den einaste bokmålskrinsen i kommunen. Først etter at skulestyret godkjende resultatet og vedtok nynorsk 23. august, blei saka meir allment kjend.

I den nye boka Språkfakta 2020 har eg dokumentert over 500 folkerøystingar om språk i skulen 1945–1964. Dei fleste var nordaførr og austanfor, men det var også 90 folkerøystingar på Vestlandet – 51 i Rogaland, 30 i Møre og Romsdal og 9 i Hordaland. I boka blir det også tydeleg kor vitig Vestlandet har vore i norsk språkpolitikk. I Sogn og Fjordane har det berre vore éi slik folkerøysting etter 1945, og det var i Flora hausten 2005.

Tyngdepunktet

Vestlandet var blitt eit tyngdepunkt av nynorskbrukarar lenge før 1940. Tyngda auka med åra. I 2020 ligg åtte av ti kyrkjesokn med nynorsk liturgi her vest, det gjer også åtte av ti aviser som er redigerte på nynorsk, og tre av fire kommunar som staten skal bruke nynorsk til. Slik har det vore i mange tiår.

Med kommunereforma frå 1965 blei Vestlandet meir dominerande i lokalforvaltning på nynorsk. 46 av 85 nynorskkommunar låg på Vestlandet i 1965, og i 2015 var 89 av 113 nynorskkommunar å finne der. Etter fullført regionreform var 66 av 90 nynorskkommunar i 2020 å finne i vest.

Mellom dei individuelle nynorskbrukarane betyr Vestlandet endå meir. I både grunnskulen og vidaregåande skule held ni av ti nynorskelevar til her vest. Skattytarar som leverer skattemeldinga på nynorsk, er å finne i kvar einaste kommune landet rundt, men tre av fire bur på Vestlandet, og dei er nesten like mange i Rogaland som i Sogn og Fjordane.

Det viktige næringslivet

Det er blitt ein klisjé at nynorsk er vakkert i dikt. For nynorskbrukarane og for det språklege mangfaldet landet har det minst like mykje å seie at nynorsk også blir brukt i årsmeldingar og i den daglege drifta av bedrifter. I 2015 skreiv åtte av ti bedrifter årsmelding og rekneskap på norsk. Guro Sanden har vist at det gjorde også ein tredel av dei 500 største norske selskapa. 5 av desse 500 dreiv på nynorsk, som Sogn og Fjordane Energi og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Lite er kjent om den samla bruken av nynorsk i næringslivet, men år om anna leverer 12 prosent av alle næringsdrivande skattemeldinga på nynorsk, og det er fleire enn blant privatpersonar. Til Språkfakta 2020 har eg plukka ut 25 profilerte nynorskbrukande bedrifter frå like mange bransjar. 16 av dei ligg på Vestlandet, som Bremnes Fryseri (Bømlo), Reigstad Bygg og Eigedom (Alver), Linn Bad (Vik), Ægir Bryggeri (Aurland) og Havila Holding (Herøy). Park Hotel på Voss, Lerum i Sogndal og Hotel Alexandra i Stryn er langt frå isolerte enkelttilfelle.

Der mange bruker eit språk på fleire område, blir det lettare for andre å gjere det same. No som før er gamle Sogn og Fjordane det nynorske grunnfjellet. Denne regionale krafta på Vestlandet får følgjer langt utanfor landsdelen.

Bergen har flest nynorskbrukarar

Nordmenn er i skiftande språklege fleirtal og mindretal alt etter kvar dei bur, arbeider og flyttar. Nynorskbrukarane er mange på Vestlandet, men i store fleirtal berre i nokre område.

I 1971 skreiv halvparten av alle elevane på Vestlandet nynorsk i grunnskulen. I 2020 er fire av ti elevar på Vestlandet nynorskbrukarar. Blant dei vaksne bruker no ein av tre nynorsk. Det gjer at Vestlandet også er tyngdepunktet for språkdelte norske kulturen, medan Oslo-området er eit liknande tyngdepunkt for ein eittspråkleg stat.

\u0009Dette mønsteret blir tydeleg gjennom ei mengd spørjeundersøkingar som er samla i Språkfakta 2020. Ei vel så påliteleg kjelde er språket i skattemeldingane. Tal frå Skatteetaten viser at Bergen er desidert størst med 27 200 nynorskbrukande skattytarar i 2016. Oslo hadde 17 300 og Stord 11 400. Øvst her i gamlefylket låg Førde med 8900 og Flora med 7300. Det er ikkje opplagt at dette gjer Bergen til Nynorskbyen.

Mellom fleirtal og mindretal

Språk blir brukt av folk, ikkje av prosentar. Skilnaden mellom å vere i fleirtal og mindretal er større enn den matematiske differansen. Når nynorskelevar kjem frå miljø i grunnskulen der nynorsk dominerer, til vidaregåande skular der dei hamnar i mindretal, gjer hegemoniets usjarmerande framferd seg raskt gjeldande. Slik vil det også vere for mange vaksne. Difor kan språkbruken i kvardagen vere enklare for nynorskbrukarane i Sunnfjord, der dei utgjer det store fleirtalet, enn i Bergen, der dei utgjer eit lite mindretal.

Dei sosiale mekanismane som slår inn i slike situasjonar, er den viktigaste grunnen til at brukarar av eit språk må vere fleire enn det som kan kallast den kritiske massen. Dei må vere så mange at det blir sjølvsagt. Difor har det meir å seie at mange i Kautokeino bruker samisk enn at ein del i Oslo gjer det. Eit reelt språkleg mangfald er altså avhengig av at det også finst sterke eittspråklege miljø. Der ligg tyngda i Vestlandets rolle i norsk språkpolitikk.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken