Så stor er sjansen for ein fin 17.mai

GODT HÅP: Ifølge meteorolog Martin Granerud er det 90 prosent sjanse for opphaldsvêr 17. mai.

GODT HÅP: Ifølge meteorolog Martin Granerud er det 90 prosent sjanse for opphaldsvêr 17. mai. Foto:

Det er meldt periodar med regn dei neste dagane, men på 17. mai vert det truleg motsett.

DEL

– Det blir skya og regn resten av dagen. Det blir periodar med regn også i morgon, men for det meste skya. Temperaturane desse dagane ligg på mellom åtte og elleve grader, opplyser Martin Granerud, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, torsdag ettermiddag.

På fredag er det meld skiftande eller nordvestleg bris og periodar med frisk bris på kysten.

Gløtt av sol

Det er berre ein dag i helga ein kanskje får nyte litt av sola.

– På laurdag ser det ut til å bli skiftande skydekke og litt gløtt av sol innimellom. Det kan kome enkelte byer. På søndagen ser det ut som det nok ein gong blir skiftande skydekke, men sannsynet for nedbør er mindre, seier meteorologen.

Temperaturane vil liggje på åtte til ti grader.

Truleg tørr 17. mai

– Kan du seie noko om korleis vêret blir på 17. mai?

– Det er litt langt fram i tid enno til å seie korleis vêret blir. Vi har sett på statistikken for å finne ut kor sannsynleg det er for at det blir tørt vêr den dagen. På Vestlandet er det 90 prosent sannsynleg at det blir opphaldsvêr, så det er gunstig. Vi følger med på prognosane framover.

LITT SOL: På laurdag tittar sola truleg fram. Vêrkartet syner prognosane for laurdag ettermiddag rundt kl. 16.00

LITT SOL: På laurdag tittar sola truleg fram. Vêrkartet syner prognosane for laurdag ettermiddag rundt kl. 16.00 Foto:

Artikkeltags