I dag vakna Norge til straumpris-sjokk

Av

Prisane på straum er skyhøge både på morgonen og ettermiddagen.

DEL

(NA24) Saman med kulda blir allereie historisk høge straumprisar pressa endå høgare opp måndag, spesielt på Austlandet.

Straumbørsen Nordpool kan melde om at spotprisen på straum er heile 83,75 øre per kWh - pluss moms - måndag morgon.

På ettermiddagen rundt middagstider er prisane endå høgare. Mellom klokka 17 og 18 er spotprisen 86,1 øre per kWh. Inkludert moms er det 1,08 øre per kWh.

I tillegg til sjølve straumprisen kjem nettleige, elsertifikat og elavgifta. Dette utgjer for dei fleste eit tillegg på omtrent 80 prosent i tillegg til sjølve straumprisen.

Prisane varierer veldig avhengig av kor i Norge du bur.

Prisane varierer veldig avhengig av kor i Norge du bur.

Mykje lågare prisar på Vestlandet

På grunn av begrensa overføringskapasitet mellom regionane, er det store prisforskjellar mellom landsdelane.

Som grafen over viser ligg prisene i Oslo i skrivande stund over 60 prosent høgare enn i Tromsø.

Ventar rekordvinter

I desember 2018 var straumprisane høgare enn nokon gong sidan desember 2010. I løpet av januar og februar kan rekordane ryke.

– Det blir den dyraste vinteren sidan 2010. Får vi ein kald vinter også, blir det ny rekord, sa Martin Vik, seniorrådgjevar i Norges Vassdrags- og energiverk (NVE), til Nettavisen Økonomi i førre veke.

Den vanlegaste straumavtala for norske hushaldningar no er spotpris-avtale - det vil seie at sjølve forbruket ditt blir prisa i takt med den flytande prisen i den internasjonale kraftmarknaden, kjent som spotprisen. Sidan 2014 har spotprisen stort sett lege på mellom 20 og 35 øre (per kilowattime).

Artikkeltags