Turstiar på Vestlandet får oppgradering

OPNA PROSJEKT: Dronning Sonja opna Rjukande Bru over Opo-elva. Brua gjer det lettare å komme seg til Skrikjofossen og Hardanger Fjellsti.

OPNA PROSJEKT: Dronning Sonja opna Rjukande Bru over Opo-elva. Brua gjer det lettare å komme seg til Skrikjofossen og Hardanger Fjellsti. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Nordmenn brukar naturen og nærområda stadig meir, no skal Sparebanken Vest ruste opp 45 turstiar på Vestlandet.

DEL

– Vi ønsker å bidra til å skape gode lokalmiljø der folk bur. Nordmenn bruker naturen meir enn nokon gong, og set pris på kortreise opplevingar. Difor vil vi bruke av årets overskot til å støtte organisasjonar og initiativ som rustar opp turstiar på Vestlandet, seier Åsne Ådland-Dale, leiar for samfunnsansvar i Sparebanken Vest i ei pressemelding.

H.M Dronning Sonjas Panoramatur, kjent som Dronningstien, er eit av prosjekta som tek i mot støtte gjennom årets tildeling. Førre helg opna Dronning Sonja ei bru, Rjukande Bru, som gjer turen meir tilgjengeleg for lokalsamfunnet og turistane.

– Det er dei mange frivillige som sørger for at norsk natur er så tilgjengeleg, beskytta og rein som den er. I Sparebanken Vest har vi eit bankande hjarte for Vestlandet, seier Ådland-Dale.

Turistforeininga held ved like 22 000 kilometer med turstiar rundt i landet. Akkurat difor er det fleire DNT lag som tek imot middel for å utbetre turstiane.

Artikkeltags