Problem i flytrafikken på Vestlandet

Radarvanskar på flyplassen i Bergen er årsaka. Like over klokka åtte fredag morgon er Flesland delvis i gang igjen.

DEL

– Flytrafikken er stansa på Vestlandet. Vi har fått informasjon om at det er ein radarutfordring og stoppar difor midlertidig all trafikk, opplyser lufthavndirektør Øystein Skaar ved Bergen Lufthavn, Flesland til BA.

– Problema har lege i Bergen, men dei skal vere løyste no, seier servicemedarbeidar i Widerøe på Bringeland, Jøran Aalhus klokka 08.10.

Han seier problema i Bergen ikkje vil føre til store problem for passasjerane.

– Einaste innstillinga vi har er det flyet som skulle komme frå Bergen til Førde og Florø, og som skulle ha gått tilbake til Bergen no i føremiddag. Det flyet er innstilt. Vi flyttar passasjerane over til Oslo-flyet, og derifrå til Bergen, seier Aalhus.

Han seier trafikken elles er venta å gå som planlagt frå Førde Lufthamn, Bringeland.

Ved Førde lufthamn gjekk morgonflyet til Oslo som planlagt klokka 06.25.

Flya til Florø og Bergen klokka 09.05 er altså innstilte. Passasjerane blir sendt til Oslo med flyet som går 09.25.

Artikkeltags