90 prosent færre blåbær enn for to år sidan

FORSKAR: Frå fjord til fjell samlar forsvararane data på blåbær og forsking. Dei gjer også eksperiment i felt, til dømes med varmebur som på bilete. I bakgrunnen ser ein Sogndal lufthamn, Sognefjorden og fjellet Bleia.

FORSKAR: Frå fjord til fjell samlar forsvararane data på blåbær og forsking. Dei gjer også eksperiment i felt, til dømes med varmebur som på bilete. I bakgrunnen ser ein Sogndal lufthamn, Sognefjorden og fjellet Bleia. Foto:

Reduksjonen frå toppåret 2017 til i år er på nesten på 90 prosent, viser forsking ved Høgskulen på Vestlandet.

DEL

– Det første modne blåbæret vi plukka i våre forskingsfelt i år var allereie i midten av juni. Rekordtidleg blomstring gav veldig tidleg modning i låglandet, men produksjonen ser ut til å vera heller dårleg.

Det fortel økolog Stein Joar Hegland ved Høgskulen på Vestlandet i ei pressemelding.

Lite bær

Ei gruppe økologar ved campus Sogndal har over fleire år forska på blåbær. Dei siste tre åra har dei følgt blåbær, samt tytebær, spesielt nøye for å forstå korleis klima påverkar blomstring, pollinering, bærproduksjon og andre forhold i plantene sitt liv.

– Vi forsøker no å finne ut meir om korleis klima påverkar blåbær og tytebær og livet i og rundt desse nøkkelplantene, fortel Hegland. For å forstå meir om rolla til klima for plantene, og for blomstring og bærproduksjon, treng vi å samle data over mange år.

Årets blåbærhaust ser ikkje lovande ut. Forskarane studerer blåbærterrenget i furuskogen på Kaupanger, som er kjent som eit av dei beste blåbærterrenga i Norge.

Teljingar frå om lag 100 til 1000 meter over havet viser at det berre er ein fjerdedel av mengda frå 2018. Mengda av blåbær frå 2018 er dessutan berre halvparten av det forskarane fann i 2017. I 2017 var det i gjennomsnitt nesten 150 bær per kvadratmeter i prøveflatene, men i 2019 var det under 20 per kvadratmeter.

Frostskadar på bæra

Desse tala vert stadfesta av prøveflater på Kjørnes, som også ligg i på Kaupangerhalvøya i Sogndal kommune. Her har vegetasjonsøkologane Knut Rydgren og Inger Auestad telt i underkant av 30 bær per kvadratmeter i år.

– I år har frostskade under den rekordtidlege blomstringa redusert blomstringa og dermed bærproduksjon betydeleg. Vi observerte mykje brune og visne blomster, spesielt på 500 og 900 moh. Vi har også observert dette tidlegare år med tidleg vår, seier Hegland.

Rapportar frå kollegaer på Austlandet tyder på at det har vore frostskadar på blåbærbløminga også der, og på kysten rapporterer ein om at ein heller ikkje der har så mykje å by på av bær i år.

– Litt er likevel betre enn ingenting så vi anbefaler absolutt folk å ta seg ein tur i skogen. Flekkvis kan ein finne meir bær. Dessutan observerte vi ganske bra med humler som pollinerte tytebær i år så det ser ut til å gå mot ein lovande haust for dette raude bæret, avsluttar Hegland.

Artikkeltags