Dei nye kontraktane for ferjer som fylkeskommunen driv i Sogn og Fjordane, skal gjelde frå januar 2027. Dei omfattar sambanda Måløy–Oldeide–Husevågøy, Isane–Stårheim, Askvoll–Gjervik–Fure-Værlandet, Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella–Losna og Hisarøy–Mjånes. Fire av sambanda nyttar diesel, mens Hisarøy–Mjånes er kabelferje med elektrisk framdrift, skriv fylkeskommunen på nettsidene sine.
– Ambisjonen vår om låg- eller nullutslepp vil føre til vesentleg reduksjon i CO2-utsleppa. Det kan bidra til betre luftkvalitet og ha positiv innverknad på folkehelsa. Men elektrifisering av ferjesambanda vil krevje store investeringar i straumnettet. Vi har difor behov for statleg støtte for å oppretthalde det gode arbeidet fylkeskommunen gjer for å kutte klimagassutslepp, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.
I vedtaket legg fylkesutvalet opp til at drifta av ferjene skal vere på minst same nivå som i dag. Kontraktane skal lysast ut til hausten.