Vestland fylkeskommune deler ut kunstnarstipend til 17 kunstnarar

KUNSTNARSTIPEND: Musikaren Thea Hjelmeland er ein av 17 kunstnarar som har fått tildelt kunstnarstipend av Vestland fylkeskommune. Arkivfoto.

KUNSTNARSTIPEND: Musikaren Thea Hjelmeland er ein av 17 kunstnarar som har fått tildelt kunstnarstipend av Vestland fylkeskommune. Arkivfoto. Foto:

Musikaren Thea Hjelmeland frå Førde ei av desse.

DEL

Ho og dei andre kunstnarane får 40.000 kroner kvar i stipend. Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok tildelinga av kunstnarstipend 15. oktober.

Gjennom stipenda vil fylkeskommunen bidra til eit berekraftig og levande kunstliv i fylket, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Vi vil gje skapande og utøvande kunstnarar høve til å utvikle seg eller fordjupe seg fagleg for å eksperimentere med nye uttrykk. Vi ser fram til å følge uttrykk og produksjon vidare, seier leiar for hovudutvalet Stian Davies i pressemeldinga.

Fylkeskommunen fekk inn 138 søknadar om kunstnarstipend i år. Totalt var det 33 søknadar innan musikk, der fire fekk tildelt stipend.

Det kom også inn søknadar innan visuell kunst, litteratur, film og scenekunst.

Desse har fått stipend i dei ulike kunstartane:

Musikk:

  • Hilde Anine Hasselberg
  • Njål Paulsberg
  • Snorre Bjerck
  • Thea Hjelmeland

Visuell kunst:

  • Arne Rygg
  • Brynhild Grødeland Winther
  • Linda Morell
  • Laurie Lax
  • Maria Victoria Høvring Høeg
  • Åse Ljones

Scenekunst:

  • Jeff Pedersen
  • Jingy Wang
  • Karen Eide Bøen

Film og litteratur:

  • Kjersti Rasmussen
  • Lars Svisdal
  • Sandra Lillebø
  • Thomas Endresen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken