Gå til sidens hovedinnhold

Vestland fylke må kutte milliardinvesteringar

Artikkelen er over 1 år gammel

Vestland fylke ser seg nøydd til å utsetje ei rekkje prosjekt som følgje av store økonomiske underskot.

Førebelse prognosar viser at Vestland fylke ligg an til eit underskot på 767 millionar kroner, skriv NRK.

Ifølgje fylkesrådmann Rune Haugsdal har tapte inntekter og auka kostnader knytt til koronasituasjonen forverra den økonomiske situasjonen. Vestland fylkeskommune må dermed kutte investeringar på 2,7 milliardar kroner.

Fylkesrådmannen seier den økonomiske situasjonen er krevjande:

– Det kan vere at vi ikkje kan tilby ein del av dei tenestene som vi tilbyr i dag. Det må bli gjort politiske prioriteringar, men vi må levere på dei lovpålagde oppgåvene, seier Haugsdal.

No vil fylkesrådmannen blant anna utsetje vedlikehald og nybygg ved fleire vidaregåande skular. Vegprosjekt som rasutsette fylkesveg 7 mellom Øystese og Granvin, kystvegen Svelgen-Indrehus og fastlandssambandet til Atløy i Askvoll er også blant prosjekt som kan bli utsette.

Jørgen Amdal, professor i samfunnsplanlegging og tidlegare ordførar for Arbeidarpartiet i Volda, meiner regionreforma er ein fiasko.

– Regionreforma er på ingen måte finansiert, seier Amdal.

Fylkesrådmannen i Vestland er ikkje samd i at den økonomiske situasjonen viser at regionreforma er mislykka.

– Vi har fått signal over fleire år frå statlege hald, om at vi går ein periode i møte der vi må stramme inn litt, seier Haugsdal.

Les også

Vil utsette Atløysambandet i minst fire år. Djuvik: – No må vi mobilisere

Les også

Hovudutvalet vil kombinere fritt skuleval med nærskuleprinsipp. Dale-rektor: – Optimal løysing

Kommentarer til denne saken