– Hurtigbåtane er livsnerven langs kysten av fylket vårt. Dei skal halda fram på om lag same nivå som i dag. Sambanda er viktige for næringslivet, folk som skal på jobb, turistane og alle andre reisande langs kysten. Det seier fylkesordførar i Vestland Jon Askeland (Sp) i ei pressemelding.

Dei nye hurtigbåtane som skal gå mellom Bergen, Sogn/Flåm og Nordfjord, skal stå klare til drift så snart som mogleg og seinast til 1. desember 2026. Driftskontraktane i dag kan forlengjast til 30. november 2026.

– Dette vil bidra til mindre forureining og betre luft. Me greidde det med ferjene. No står hurtigbåtane for tur. Dette er eit godt steg vidare på vegen mot nullutsleppsfylke, seier fylkesordføraren.

Dei aktuelle sambanda krev mest energi av alle båtane i heile landet. Med dei nye klimavenlege hurtigbåtane, reknar ein med å kutta utsleppa med 85 til 90 prosent årleg. Det utgjer om lag 17.000 tonn co₂.

Det er ikkje stilt krav til teknologi. Det blir derfor opna for alle typar miljøvenleg energi som batteri, hydrogen eller ammoniakk. Batteribyte på hurtigbåtane er òg aktuelt. Eventuell infrastruktur for lading og framføring av straum, må vera på plass innan driftsstart.

Dei meir miljøvennlege hurtigbåtane vil føra til auka kostnader for fylkeskommunen. Meirkostnadene til drift er utrekna til mellom 63,5 og 136 millionar kroner i året

Årleg reiser rundt 300.000 passasjerar med dei fire hurtigbåtane på sambanda. Dei har anløp i 22 hamner. Totalt køyrer båtane om lag 600.000 kilometer årleg.