Gå til sidens hovedinnhold

Vêromslag kan gi utfordringar på vegane: – Ta det roleg

Vegtrafikksentralen har måndag morgon fått meldingar om glatte vegar.

– Meldingane vi får inn kjem frå ulike stader i fylket, seier trafikkoperatør Jan Marøy.

Minusgradene har sakte, men sikkert bevegd seg oppover på gradestokken, og Marøy fortel at det fleire stader er null grader i Sogn og Fjordane denne morgonen.

– Det kan fort bli krevjande forhold, men eg har ikkje inntrykk av at det har skapt for mykje problem heilt endå.

Han legg til at alle bilar er ute og strør, og rår alle som skal ut å køyre om å ta det roleg.

– Bruk god tid, då går det som regel fint, seier han.

Les også

Har fått 30 klager på glatt veg: – Alle bilar vi har er ute og strør

Kommentarer til denne saken