Westcon Yards i Florø har inngått ei kontrakt på to ferjer med Fjord 1.
Ferjene tek 120 bilar kvar, og kontrakten har ein samla verdi på 200 millionar kroner.
Oppdraget går ut på at ferjene, MF Glutra og MF Fannefjord skal byggast om frå gassdrift til elektrisk drift. Desse ferjene skal gå på samband i Nordland.
– Verftet i Florø posisjonerer seg dermed som ein av Norges leiande leverandørar av batteridrivne ferjer, seier Westcon Yards i ei pressemelding.