Havyard Leirvik må sette vekk bygging av eit heilt skip

STORT FARTØY: Slik skal det ferdige skipet sjå ut.

STORT FARTØY: Slik skal det ferdige skipet sjå ut. Foto:

Forseinkingane ved Havyard Leirvik har ført til økonomiske vanskar. No må dei tillegg seie frå seg bygging av eit stort skip.

DEL

Forseinkingar på tidlegare byggeprosjekt ved verftet i Leirvik har gjeve ringverknader for gjennomføring av den gjenverande ordreboka, og dermed eit behov for å lette litt på arbeidspresset på anlegget i Leirvik, skriv Havyard Group i ei pressemelding.

For å sikre at prosjekta dei i dag held på med skal ferdigstillast utan vesentlege forseinkingar, har ein avgjort at bygg 126, som skal leverast til det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing (bildet), skal setjast vekk til Kleven som ein underleverandør til verftet i Leirvik, skriv dei.

Artikkeltags