Gå til sidens hovedinnhold

Det blir ei solfylt helg, men hugs vinterdekk!

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊR: Temperaturen går ned i minusgrader på nattestid.

– Det blir eigentleg ei ganske fin helg. Kjølig, litt vinteraktig, seier meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt om helgevêret i Sunnfjord.

Likevel er det fare for enkelte regnbyer, eller snøbyer i høgda, men desse vil det bli mindre av utover fredagen.

– Det kan komme litt nedbør på laurdag, men det blir mindre og mindre utover helga.

Temperaturmessig snakkar vi nede i nokre få plussgrader, og minus på nattetid, seier meteorologen. Sola kjem ein til å sjå i løpet av helga. Det blir stort sett klarvêr.

– Vinterdekk er på tide, spør du meg. Det blir minusgrader og sjølv om det er tørt, kan det bli glatt visse stader kor det er fukt, seier Seter.

Det klare, kalde vêret skal halde seg til og med måndag. Deretter blir det mildare og våtare.

– Ein bør vere spesielt obs på glatt veg i overgangen når det kjem fukt, men det framleis er kaldt, seier meteorologen.

Kommentarer til denne saken