Gå til sidens hovedinnhold

Våt helg, deretter iskald måndag

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊR: Helgevêret blir grått, vått og vindfult, slik vi er vande med no.

– Det er jamt og trutt med nedbør gjennom heile laurdagen, og regnbyer på kvelden. Det blir også sørvestleg, sterk kuling på kysten og utsette stader, seier meteorolog Gunnar Livik ved Meteorologisk institutt om vêret i Sunnfjord.

Jamnt regn etterfulgt av byeregn

Første delen av laurdagen blir jamnt sipregn, som meteorologen kallar det. Tidleg på kvelden passerer ein kaldfront gjennom Sunnfjord.

– Då synker temperaturen eit par grader. Det blir intens nedbør, som deretter går over til byevêr, seier Livik.

Byevêret held seg gjennom søndagen. Eit lite, søtt høgtrykk kjem til å passere seint på søndagen. Det kan bety ein fin, men kald måndag.

Kald måndag

– Viss skylaget sprekk opp natt til måndag, får vi svært kjøleg luft. I utsette «kuldehol» kan temperaturane droppe til eit par grader. Ein bør ha det i bakhovudet måndag morgon, seier Livik.

Elles blir måndagsvêret ganske greitt, seier meteorlogen. Det kan til og med bli sol, seier han.

– Men på tysdagen er det tilbake igjen til gråvêret, seier meteorologen.

Dagens langtidsprognose spår ei grå og våt veke.

Kommentarer til denne saken