Gå til sidens hovedinnhold

Førde slår rekord: kaldaste målte temperatur i juli sidan målingane starta

Artikkelen er over 4 år gammel

Sommarmånadane i Førde har hittil i år gitt oss 45 regndagar, 4 penvêrsdagar og ny rekord for lågaste minimumstemperatur i juli.

Dårleg sommarvêr, synest du? Vi har sjekka korleis vêret faktisk har vore hittil i sommar.

Førde har i år slått ny rekord for kaldaste temperatur målt i juli, sidan målingane starta i 1993. 2. juli vart temperaturen på Tefre i Førde nemleg målt til 1,3 grader!

Dette er ei heil grad kaldare enn den førre rekorden ifrå 1995, som var på 2,3 grader.

Regnfull juni

Førde starta sommaren med 27 overskya dagar i juni, 25 av desse med nedbør, og ein gjennomsnittstemperatur på 12,4 grader.

– Dette var jo ein dårleg månad, seier Anne-Mette Olsen, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, som kan fortelje at dette er heile to grader kaldare enn det vi hadde på same tidspunkt i fjor.

– Førde hadde berre tre dagar over 20 grader i juni, legg ho til, men under definisjonen penvêrsdagar er talet endå mindre.

– Det var ein penvêrsdag 30. juni, seier meteorologen, som er glad det også kunne skimte til med litt sol i ferietida.

Leah Noomi Fåsetbru og Thea Sunde Englesæt var blant dei som verkeleg nytta den første og siste solskinsdagen 30. juni.

Også resten av fylket har temperaturmessig ligge på nivå med Førde. Florø har hatt same snittemperatur, medan Sandane slo til med 12,9 grader i gjennomsnittstemperatur i juni. Regnvêr er det derimot ikkje alle som har hatt like mykje av.

Sandane skil seg utvilsamt ut med berre 50 mm nedbør i juni månad, ein nokså tørr sommar samanlikna med Lavik som er på topp med over 200 mm. Førde med sine 165,6 mm ligg likevel over Viksdalen (123,3 mm) og Skei (108 mm).

Opp- og nedturar i juli

Juli starta bra, og enda til slutt med ein gjennomsnittstemperatur på heile 13,8 grader på målestokken – framleis om lag 10 grader kaldare enn kva ein finn hos dei største turistmåla i Hellas og Spania.

Det vart likevel målt tre penvêrsdagar i Førde, og i forhold til juni hadde vi fem fleire dagar som ikkje var overskya.

Sandane er framleis blant dei varmaste stadane med ein gjennomsnittstemperatur på 14,2 grader i juli, og Florø ligg akkurat over Førde med gjennomsnittstemperaturen på 14 grader.

– Det er langt ifrå den beste sommaren vi har hatt, men det er heller ikkje den verste, meiner Olsen, på bakgrunn av temperaturforandringane ein kan sjå i Bergen gjennom dei siste ti åra.

Tala for Bergen viser nemleg at det har vore fem år med kaldare gjennomsnittstemperatur i juni dei siste ti åra, enn det vi ser i dag. Det er nærliggande å tru at dette ikkje er veldig ulikt resultata i Sogn og Fjordane.

– Ser dårleg ut

Sommarvêret ser ikkje ut til å by på noko heilomvending i tida framover.

– Det blir byevêr i dag og i morgon, men det kan bli periodar med sol mellom byene av og til. Det er også moglegheit for litt tore, seier Olsen om Førdeområdet, men legg til at det kan bli opphaldsvêr natt til torsdag, før regnet startar på igjen.

Utanom det ser ho få moglegheiter for solskinsdagar i næraste framtid:

– Vi skulle gjerne hatt litt sol og varme, men det ser dårleg ut. Då trur eg heller vi må reise til Syden, konkluderer meteorologen.

FØRDE Juni Juli
Månadstemperatur 12,4 C˚ 13,8 C˚
Penvêrsdagar 1 3
Overskya dagar 27 22
Regndagar over 1mm  22 15
Månadsnedbør 165,6 mm 160 mm

Tal frå Meteorologisk institutt (www.met.no).

Kommentarer til denne saken