Gråvêr i helga, men sååå er det berre å glede seg

IKKJE FINT: Vêret i helga blir mykje det same som det har vore dei siste dagane.

IKKJE FINT: Vêret i helga blir mykje det same som det har vore dei siste dagane. Foto:

Byer og sterk vind stort sett gjennom heile helga. Neste veke begynner det meir å likne på juni.

DEL

– Det vil vere nokså mykje skyer, og det kjem regnbyer, seier meteorolog Tone Christin Thaule ved Meteorologisk institutt om denne fredagen.

Ho fortel at det kan bli periodar med sol, men i så fall på ettermiddagen. Også laurdagen blir prega av regnbyer gjennom mesteparten av dagen.

– Det blir ei betring på gang på søndag. Då blir det meir mellomrom mellom byene, og det blir lenger periodar med sol. Det blir nok den beste dagen i løpet av helga, seier Thaule.

Temperaturmessig snakkar vi truleg om 13–14 graderfredag, og ned på 11–13 på laurdag og søndag, fortel meteorologen.

– Det blir ikkje det heilt store, dette her?

– Nei, det blir byevêr mesteparten av helga, seier ho før ho kjem med litt trøyst:

– Når vi kjem til måndag, blir det nordavind og mykje fint vêr. Det er ein trøyst i det, vil eg seie. Det blir også høgare temperaturar neste veke. Det kan bli 16–17 grader langs kysten og kanskje ei grad til lenger inni fjordane, seier ho.

Artikkeltags