Restar frå orkan på veg til Sogn og Fjordane

GRÅ HELG: Det er venta regn og ruskevêr til helga.

GRÅ HELG: Det er venta regn og ruskevêr til helga. Foto:

VÊR: I helga blir det ruskevêr, når Sogn og Fjordane får merke restar frå orkanen «Nate» som har herja i Mellom-Amerika og USA.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det er berre å kle seg godt. Det er ingen tvil om at det blir ruskevêr, seier vakthavande ved Meteorologisk institutt.

Fredag vil orkanen «Nate» ha lagt seg rundt Island. Det får ein merke på Vestlandet, og særleg Sogn og Fjordane.

– Det blir sørleg sterk kuling på kysten fredag ettermiddag. Laurdag kveld blir det sørvest sterk kuling, men på søndag roar vinden seg igjen.

Ein kan vente seg ei grå og regnfull helg, særleg i ytre strøk av fylket.

– Frå fredag morgon til måndags morgon er det snakk om hundre millimeter nedbør i ytre strøk av Sogn og Fjordane. I indre strøk er det venta 20-50 mm. Det blir ei helg med mykje ver, jamt skydekke og tåke.

Ein bør kle seg godt, sjølv om temperaturane ikkje er så galne.

– Fredag ligg temperaturen på 12-14 grader på det meste. Vi er inne i ein mild periode, noko ein får merke på måndag.

Artikkeltags