No blir det kaldare igjen – ned mot 10 minusgrader i helga

FINT, MEN KALDT: Meteorologen melder kalde morgonar og solrike dagar til helga.

FINT, MEN KALDT: Meteorologen melder kalde morgonar og solrike dagar til helga. Foto:

VÊR: Frå torsdag og utover fell temperaturen. Det betyr iskalde morgonar, men fine dagar med sol.

DEL

– Vi er ikkje heilt komne ut av kulda enno, seier meteorolog Lars Andreas Selberg ved Meteorologisk institutt.

Fin tysdag med sol

Slik blir vêret i Sunnfjord dei neste dagane:

– Denne tysdagen blir ein flott dag med lite skyer og mykje sol. Seint på kveld vil det gradvis skye til litt. På onsdag blir det meir skya, men framleis håp om sol nokre plassar, seier Selberg.

Frå torsdag blir det kaldare.

– Himmelen vil klarne opp igjen på torsdag og opp mot helga. Så er trenden at det blir kjøligare og kjøligare.

Meteorologen varslar iskalde morgonar framover. Til gjengjeld er himmelen klar, og mars-sola får varme opp til plussgrader på dagtid.

– Tysdag og onsdag kan det komme opp i fem varmegrader på dagtid. Viss ein sit i solveggen denne tysdagen, blir det nok fleire grader varmare.

Iskald helg

Til helga er det derimot ikkje sikkert at temperaturen går over null på dagtid. Selberg seier temperaturen kan falle til ti minusgrader i løpet av natt til laurdag.

På søndag og i dagane etter kan det komme pittelitt nedbør i form av snø, seier meteorologen.

Våren kjem, men ikkje heilt enno

– Kor lenge må vi leve med dette?

– Våren kjem uansett på eitt eller anna tidspunkt. Men på grunn av den kjølige vêrtypen, ser det ut til å halde seg kaldt til i alle fall 23. mars, seier meteorologen.

Artikkeltags