Kan bli snø igjen på søndag

SNØ PÅ TOPPANE: Det kan kome snø i innlandet i helga, elles vil all nedbør over 200-400 meter komme som snø. Slik som her, på Skredfjellet 1155 m.o.h. i Stryn.

SNØ PÅ TOPPANE: Det kan kome snø i innlandet i helga, elles vil all nedbør over 200-400 meter komme som snø. Slik som her, på Skredfjellet 1155 m.o.h. i Stryn. Foto:

Dei snøglade kan krysse fingrane for snø på søndag. Til jul er det enno litt tidleg å seie.

DEL

Fredagen kan by på nokre byer, men etter kvart vil temperaturen falle og snøgrensa likeså.

– Nedbør over 200-400 meter vil komme som snø, fortel meteorolog Gunnar Livik på Meteorologisk institutt.

Natt til laurdag og på dagtid laurdag vil det vere opphaldsvêr, delvis skya og friskbris/kuling frå aust nokre stader. Temperaturen vil ligge på rundt null grader i låglandet.

Det vil komme nedbør natt til søndag, som sludd eller snø, eller regn om du er på kysten.

– Det store spørsmålet. Kanskje det største av dei alle: Korleis ligg det an til snø i jul?

– Det er for tidleg å seie, prognosane går ikkje lenger enn til 21. desember, kjem det som eit antiklimaks frå Livik.

– Men det ser ut som det kan komme litt påfyll med snø no. Kanskje kjem det snø ikkje så langt opp i høgda no til veka. Det er vanskeleg å seie korleis det blir i låglandet. Det er kanskje litt i mildaste laget. Det sprett litt opp og ned.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken