NVE oppjusterer farenivået framfor helga

HAUSTSTORM: Helga byr på kraftig regn og vind.

HAUSTSTORM: Helga byr på kraftig regn og vind. Foto:

Kraftig vind og oppmot 100 mimmilmeter med regn. NVE har oppjusterer farenivået på jordskred og flaum.

DEL

Sogn og Fjordane går ei våt og vindfull helg i vente, seier meteorolog Isak Slettebø ved StormGeo til Firda fredag ettermiddag.

– Det er eit lågtrykk under utvikling som utviklar seg til eit stormsenter i løpet av fredag og laurdagen. Fronten av den treffer oss om lag midt på dagen laurdag, og då kjem vinden til å auke på, seier Slettebø.

Heile fylket får kjenne vinden, men verst blir det ved kysten. Søndag kan Florø vente seg liten storm.

NVE oppjusterer farevarselet

Vått blir det også i helga. Regnet kjem for fullt midt på dagen laurdag.

– Det blir konstant køyr med regn i 48 timar. Aller kraftigast vil det regne søndag.

Det vil kome mellom 70–100 mm med regn i døgnet i løpet av dei to dagane i helga.

Fredag oppjusterte NVE farenivået på jordskred og flaum i Sogn og Fjordane til oransje nivå. Det betyr at det kan kome alvorlege skader, og at det krev førebuingar i beredskapen.

Kaldare i neste veke

I neste veke får vi lettare vêr, men det vil framleis kome litt regn og vind.

– Men det er ingen stormar i sikte, seier Isak Slettebø.

Derimot kan vi vente oss at det blir kaldare og vi kan vente oss temperaturar under ti grader. Det kan kome snø i fjella.


Artikkeltags