Tysdag kan bli våtaste døgnet sidan jul – sender ut farevarsel

TYSDAG: På tysdag kan det kome opp mot 30 mm nedbør.

TYSDAG: På tysdag kan det kome opp mot 30 mm nedbør. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊRET: På tysdag kan det kome 40- 60 mm nedbør. No sender Meteorologisk institutt ut farevarsel på nest høgste nivå.

DEL

Natt til søndag kom det første ordentlege regnfallet sidan 14. juni. Meteorolog Arnstein Kjøstheim seier at vi kanskje har det tyngste regnfallet sidan jula 2017 i vente:

– På tysdag skal det kome mykje regn. I beste fall er det snakk om 8 mm, men i verste fall er vi oppe i 40- 60  mm nedbør. Då må vi kanskje tilbake til jula 2017 før vi kan snakke om noko liknande.

Sender ut farevarsel måndag

Måndag ettermiddag sender Meteorologisk institutt ut farevarsel på oransje nivå, noko som er det nest høgste nivået for farevarsel frå meteorologane.

Varselet gjeld for tysdag ettermiddag og kveld. Det er venta svært kraftige regnbyer i Sogn og Fjordane, lokalt opp til 40–60 millimeter på seks timar.

Rekorden kan bli slått

Denne sommaren har så langt lagt an til å bli den verste tørkesommaren i manns minne, som var i 1947. Klimaforskar Ketil Tunheim sa til Firda tidlegare i juli at rekorden frå 1947 låg an til å bli slått.

– Det er mykje tørrare så langt i sommar enn det var i 1947, som blir sett som den tørraste sommaren i dei årene det er gjort målingar.

No kan det altså hende at den rekorden ryk.

Artikkeltags