Neste veke søkk temperaturen

Slik ser vêrmeldinga ut for klokka 13 onsdag.

Slik ser vêrmeldinga ut for klokka 13 onsdag. Foto:

Onsdag blir det byer i Sunnfjord, men det roar seg mot kvelden.

DEL

– I dag og i morgon blir det byer i Sunnfjord med utrygt for tore, seier Marianne Skolem Andersen statsmeteorolog i Vervarslinga på Vestlandet.

På kysten blir det truleg lite nedbør, men litt auke i vind.

– I kveld blir det nordleg frisk bris. I morgon kan det auke mot nordleg liten kuling.

Fredag på dagtid blir det lite nedbør i Sunnfjord, før det tek seg opp mot kvelden.

– Seint fredag kveld får vi ein nedbørsfront, som skuldast eit lågtrykk som kjem inn mot Sør-Norge. Det vil prege resten av helga, seier Skolem Andersen.

På laurdag blir det ein god del opphaldsvêr før det blir gråare igjen søndag.

– Søndagen ser ut til å bli grå og regnfull.

Fram til og med søndag ligg temperaturen på rundt tjue grader midt på dagen.

– Neste veke ser ut til å bli litt kjøligare, seier statsmeteorologen.

Slik ser vêret ut iføle yr.no klokka 20 onsdag kveld.

Slik ser vêret ut iføle yr.no klokka 20 onsdag kveld. Foto:

Artikkeltags