Gult farevarsel for Sogn og Fjordane måndag

Det blir meldt om gult farenivå på grunn av kraftige regnbyer fram til klokka 03 natt til tysdag.

DEL

– Det er meldt om gult farenivå for heile Sogn og Fjordane. Størst fare er det i indre strøk og byene vil truleg kome i ettermiddag/kveld, seier statsmeteorolog Gunnar Livik ved Meteorologisk institutt Vêrvarslinga på Vestlandet.

Årsaka til at det blir meldt om gult farenivå er at ein ventar kraftige regnbyer.

– Det kan komme mellom 30–40 mm på tre timar. Mykje av det kan bli utløyst på kortare periodar, seier han.

– Kan det bli like gale som førre veke?

– Overvegande sannsynlegvis ikkje like gale som tysdag førre veke. Då var det veldig varmt i forkant, det er ikkje det no. Det vil derfor mest sannsynleg ikkje bli like mykje byer. I utsette område kan løpa til elver og bekkar endre seg. Det kan også vere fare for jord- og steinskred i dei mest utsette punkta.

– Bør folk ta forholdsreglar?

– Folk må utvise aktsemd, men det er vanskeleg å gi generelle retningslinjer. Ein må vere så fornuftige som ein kan, men ein bør ikkje vere redd.

Blir haustleg vêr

Framover vil det bli ei periode med ustabile luftmassar og nedbør.

– Tysdag og onsdag blir det regn og regnbyer med fare for tore, seier Livik.

Torsdag og fredag kan ein få periodar med opplett før det blir meir regn til helga att.

Beathe Tveita er meteorolog hos StormGeo, ho melder også om gråvêr til helga.

– Til helga blir det grått. Det blir jamt og trutt med nedbør, særleg mykje blir det frå søndag og utover i neste veke, seier Tveita.

Neste veke blir det meir haustlege temperaturar.

– Temperaturen vil falle ytterlegare, med under 15 grader på dagtid, seier ho.

(Firda kom måndag morgon i skade for å omtale eit gammalt vêrvarsel, som gjaldt gult farevarsel. No blir det likevel meldt om gult farenivå for denne måndagen.)

Artikkeltags