Ekstremvêret Knud treffer Sør-Norge – Slik blir vêret her

STORMEN KNUD: Slik treffer «Knud» Sør-Norge fredag kveld.

STORMEN KNUD: Slik treffer «Knud» Sør-Norge fredag kveld. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

VÊRET: Farevarselet for stormen «Knud» er heva til høgste nivå i fleire fylke. I Sogn og Fjordane slepp vi unna det verste.

DEL

Farenivået er heva til raudt i fleire fylke i landet, og meteorologane ventar full storm og bølger på opp til sju meter i Oslofjorden. Folk bør halde seg inne, er meldinga til folk der. Meteorologane heva farevarselet for fredagens storm til høgste nivå i Oslo, Akershus, Østfold og Vestfold.

Men her i Sogn og Fjordane ser vi ut til å sleppe unna det verste vêret. Fredag ettermiddag er det ikkje sendt ut noko farevarsel for fylket, men det er venta ein god del nedbør.

Ifølge meteorolog Aslaug Skålevik Valved ved Vêrvarslinga på Vestlandet, kan det komme så mykje 40–50 millimeter nedbør frå klokka 18.00 fredag og dei neste 12 timane.


– Det er i verste fall. Men de kan få 30–50 millimeter frå no og til i morgon føremiddag, seier ho fredag kveld.

Det er i indre strøk det vil bli våtast.

På kysten er det sendt ut kulingvarsel, og det er meldt om høge bølger.

Dropp båttur

– Vi anbefaler at folk ikkje går ut med småbåtar. Frå fredag kveld er det venta opp mot sterkt kuling, og det kan bli liten storm på kysten. Til forandring er det ikkje Stadt som får den sterkaste vinden, men den sørlege halvdelen av fylket.

Vinden er venta å minke litt ut på kvelden, før den vil ta seg opp natt til laurdag.

– Då kjem det ein ny porsjon med sørvestleg sterk kuling, men fram mot morgonen vil den minke, seier Valved.

– De får ein del vind, men det er ikkje farevarsel-vind, slår ho fast.

Fjelltoppar er det likevel truleg best å halde seg unna. Der kan det komme vind på 25–30 meter i sekundet fredag kveld og natt til laurdag.

Det er heller ikkje utenkeleg at det vil komme hagl i fylket.

– De får litt vêr, men det er ikkje så mykje samanlikna med resten av Sør-Norge, slår Valved fast.

– Ein kveld vi kjem til å hugse

For ekstremvêret som er venta på Austlandet og lengre sør, som har fått namnet Knud, er ikkje til å spøke med, bedyrar statsmeteorolog Vibeke Thyness i Meteorologisk institutt.

Ifølge varselet er det stor fare for at liv går tapt, og det blir forventa «tre som veltar, takstein som losnar, straumbrot og innstillingar og forseinkingar i fly- og vegtrafikken».

– Dette blir ein kveld vi kjem til å hugse, seier Thyness til NTB.

Vinden vil ta seg opp i 16-tida og vere på sitt sterkaste mellom klokka 18 og 21. Ekstremvarselet gjeld for fylka Oslo, Akershus, Østfold og Vestfold, mens det er gult farenivå i Buskerud, Telemark, Agder og Rogaland.


Tre kan velte i byen

Innover Oslofjorden kan vindkasta komme opp i 30 meter per sekund, og ein også kan få vindkast på 25 meter per sekund heilt inne i Oslo.

– Såpass mykje vind er ikkje vanleg å ha i byen. Om dette slår til, vil tre velte også inne i byen, seier Thyness.

Bølgene i Oslofjorden kan bli mellom fem og sju meter, og no ber ein folk om å halde seg unna kysten.

– Vi rår frå stormturistar ute på svaberga. Ikkje gjer det. Dette er farleg vêr, ikkje noko som berre er spennande, seier meteorologen.

I tillegg til høge bølger, vil det bli høg vasstand innover fjorden. Meteorologane opplyser at ein kan plusse ein halv meter på tidevasstabellane.

Kaos

Folk blir oppfordra til å tjore fast lause gjenstandar i hagen, sjekke at taksteinane ikkje er laus, halde seg innandørs og lukke vindauge og dører godt.

Raudt farevarsel blir sendt ut når det er forventa «ekstreme konsekvensar» av vêret.

– Det vil vere stor fare for at liv går tapt, og at det blir store øydeleggingar på eigedom og infrastruktur. Styresmakter og sivile i råka område blir oppfordra til å utføre tiltak som bidrar til å sikre liv og avgrense skadeomfanget, heiter det i retningslinjene for varslingssystemet.

Fleire avgangar med danskebåten er innstilt og togtrafikken blir truleg også ramma av store forseinkingar på Sør- og Austlandet.

– Vi forventar trøbbel med trafikken, både i ferjetrafikken og over til Danmark. Vi forventar straumbrot og vi kan ikkje sjå bort frå at tre kan falle over straumleidningar, seier meteorologen.

Også dramatisk lenger sør

Statsmeteorolog Thyness strekar under at det blir mykje vind også i Buskerud, Telemark, Agder og Rogaland, sjølv om farevarselet der «berre» er på gult nivå.

– Det blir også skummel vind i Rogaland og Agder, med vindkast på opp mot 30 meter per sekund i indre strøk, seier ho.

Grunnen til at det likevel ikkje er sendt ut ekstremvêrvarsel her, er at infrastrukturen toler meir i desse fylka.

– Skadepotensialet er ikkje like høgt, sjølv om vêret er like vilt, seier ho.



Artikkeltags