No er sola her! Nyt den i fulle drag

Slik ser det ut i Førde når klokka er litt over 11 onsdag. Blå himmel og nokre få skyer, forhåpentlegvis vil sola snart vise seg.

Slik ser det ut i Førde når klokka er litt over 11 onsdag. Blå himmel og nokre få skyer, forhåpentlegvis vil sola snart vise seg. Foto:

Onsdag kan det vere lurt å ete lunsjen sin utandørs, i det aller minste ved eit vindauge.

DEL

Med alt det regnet vi har hatt den siste tida, er det lett å bli litt lei. Meteorologen er einig, og seier at det er lov å klage litt no, eller, kanskje ikkje akkurat i dag.

– Det er fullt lov å klage på vêret no når det har vore så unormalt vått og grått, men, i dag onsdag er det meldt om nokre timar med sol frå klokka 11–12 på dagen, seier Geir Ottar Fagerlid, statsmeteorolog hos Meteorologisk institutt.

Fagerlid fortel at vi denne onsdagen ligg midt mellom to lågtrykk.

– Slik sett er vi heldige at vi ligg mellom desse akkurat midt på dagen, slik at det kan gå an og nyte vêret.

Helga kjem med nye lågtrykk

Men som alt anna, skal ikkje finvêret vare for lenge.

– Allereie seint onsdag kveld kjem nedbøren att, då blir det regn frå vest. Torsdag er det venta mellom 50 og 60 mm nedbør på dei mest utsette plassane i Sogn og Fjordane, seier Fagerlid.

Temperaturen vil ligge rundt 7 til 8 plussgrader, og det vil fortsette med bygevêr frå vest på fredag.

– Temperaturen går gjerne litt ned på fredagen, slik at snøgrensa kjem krypande ned på ein 300 til 600 meter, men helga kjem med nye lågtrykk og regn, og ein mildare vêrtype, seier Fagerlid.

Artikkeltags