Meteorolog-Bente har både gode og dårlege nyheiter

METEOROLOG: Bente Marie Wahl jobbar på Meteorologisk institutt i Oslo.

METEOROLOG: Bente Marie Wahl jobbar på Meteorologisk institutt i Oslo. Foto:

– Det blir byer og byer og byer fram til fredag. Men så kjem sola, og då kan det bli skikkeleg fine temperaturar.

DEL

Det seier meteorolog Bente Wahl, vakthavande hos Meteorologisk institutt.

På spørsmål om ikkje regnet har tenkt å stoppe snart, svarar Wahl dette: – Nei, dessverre. Det skal vere byeaktivitet både måndag kveld og tysdag. Det er også meldt ein ganske kjølig vêrtype. Natt til tysdag er snøgrensa venta å krype ned til 500 meter. I indre fjordstrøk kan ein faktisk oppleve sludd. Det blir skikkeleg vinterleg.

Sidan fredag 13. til måndag har det kome over 100 mm nedbør dei fleste plassar i fylket. Søndag var det Ålfoten i Bremanger som hadde det våtast i fylket vårt, med 65 mm. Hornindal vart ein god nummer to med 60 mm og Viksdalen like bak med 58,7 mm.

Vêrprognosane tilseier at regnbyene skal halde fram heilt til fredag, men så skjer det noko.

– Laurdag og søndag kjem sola, og då kan det bli skikkeleg fine temperaturar i Sogn og Fjordane. Førde t.d. kan nok vente seg opp mot 20 grader. Bruk helga godt! seier Wahl.

For gleda er kortvarig. Allereie måndag er det på'an igjen med nedbør, fortel meteorologen.

VARME: Slik blir vêret i helga.

VARME: Slik blir vêret i helga. Foto:

Artikkeltags