NVE varslar betydeleg skredfare

Illustrasjonsfoto, skred

Illustrasjonsfoto, skred Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊR: Langvarig regn skapar stor fare for flakskred og våte løssnøskred – unngå potensielle losneområde, varslar NVE.

DEL

Mykje nedbør med stigande snøgrense utover dagen gir regn på snø, og svekker snødekket. NVE har vurdert faregraden til nivå 3 – betydeleg fare for Indre Fjordane.

På sine nettsider Varsom.no skriv dei at farenivået kan bli redusert etter kvart som skredhenga blir tømt for snø. Allereie i morgon er faren vurdert til 2 – middels.

Dei siste tre døgna har det gått skred både i Stryn og Gloppen.

Unngå ferdsel i bratt terreng der det kan gå skred, losneområde og utløpsområde for skred. Ver ekstra forsiktig når temperaturen stig og når det regnar, oppmodar NVE.

Meteorologen: – Det blir ikkje storm, men det vil vere surt 

Varslar stor snøskredfare

Artikkeltags