Sunnfjords varmaste?

VARMT PÅ VERANDAEN: F.v: Maria Hagerup Sætre, Joakim Kvarme ( lysluggen bakerst) Jakob Hagerup Sætre, Hanna Hagerup Sætre og Harald Gil Sætre.

VARMT PÅ VERANDAEN: F.v: Maria Hagerup Sætre, Joakim Kvarme ( lysluggen bakerst) Jakob Hagerup Sætre, Hanna Hagerup Sætre og Harald Gil Sætre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ASKVOLL: – Når det er så varmt, er det ikkje så mykje anna å gjere enn å ligge i sjøkanten, seier Harald Gil Sætre, som målte 44 grader i sola i dag.

DEL

– Det blir for varmt, seier Gil Sætre om fredagens varme, som fleire stader i fylket har nådd rekordar.

Tidlegare i dag målte han 44 grader i sola ved feriehuset i Stongfjorden, der han ferierer med borna og kjærasten til dottera Maria. 

– Eg har aldri før opplevd så høge temperaturar her ute, seier han.

Men å trekke innandørs var det lita trøyst i; der målte han 33,8 grader.

– Men målte de på noko tidspunkt temperaturen i skuggen, ute?

Fyrte ikkje i omnen

– Bildet av termometeret viser skuggetemperatur inne. I murhus med alle vindauge og dører opne. Vi hadde ingen varme på inne, som du kanskje skjønar.

Det vart ein relativt makeleg dag i Stongfjorden for familien Hagerup Sætre:

– Det har vore så varmt at vi ikkje orkar anna enn å drikke kalde drikkar, ete is og ligge i sjøkanten og kjøle oss ned.

Det var i tillegg heilt vindstille, noko som gjorde til at familien var raske med å søkje skygge.

– No som det har blitt litt mindre varmt, livnar vi litt meir til liv og dreg fram litt brettspel, seier Gil Sætre. 

Artikkeltags