I indre strøk av Sunnfjord har snøen lava ned i natt til fredag og på morgonkvisten laurdag. Og på Flatheim i Viksdalen kunne Heidi Vallestad titte ut til ei snøkvit oppleving i dag tidleg.
– Det er ikkje vanleg at vi får slike snømengder på denne årstida. Iallfall ikkje som dekker til husa på ein slik måte, seier Vallestad og såg at snøen langt på veg hadde dekka til alle husa på garden.
Les også: Brøytemannskap greidde ikkje å ta unna snøen
Dekka husa
– Det må tydeleg ha vore noko vind i tillegg i natt. For på nordsida av husa var det heilt kvitt. Og faktisk ganske så flott å sjå på, seier Vallestad som la ut bilde frå opplevinga på si Facebook-side.
– Tydeleg at det er mange som har registrert desse bilda, ja. Vi hadde nok fått 40–50 centimeter snø tidlegare denne vinteren, men dei siste dagane har det rekna godt slik at denne snøen var godt pakka saman. Og med det siste vi har fått i natt, så har vi allereie innpå meteren med snø her på Flatheim. Og dessutan skal visstnok vêrmeldingane love oss meir snø til kvelden. Så då snør vi sikkert inn. Men vi skal no takle det også, ler Heidi Vallestad som i løpet av laurdagen har køyrt strekninga Viksdalen-Rørvikfjellet-Jølster-Sogndal- Kaupanger.
– Og ingen tvil om at akkurat i dag er det mest snø i Viksdalen, ler Vallestad.
Og faktisk har det komme så mykje snø at løypemannskapet i Hoffslåttene skileikanlegg ikkje maktar å få løypene klare til planlagt opningstid.
– Men vi jobbar på spreng, fortel dei på anlegget si Facebook-side.