Slik blir påskevêret

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det blir lite godvêr i påska om ein skal tru meteorologane.

DEL

I påska er det sterk tradisjon for å spenne på seg skia og traske til fjells, men i år kan det sjå mørkt ut for dei lange solfylte skiturane.

- Det er venta grått vêr store delar av påskeveka, seier Kristin Seter, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på vestlandet.

Ho fortel at det måndag å tysdag vil ligge eit lågt skydekke over fylket og at vi kan vente oss nedbør.

- Det vil bli regn, yr og tåke i låglandet, samt snøfall over 500–700 meter, seier Seter.

Betring onsdag

Om du går med planar om ein tur på påskefjellet er dei ein dag som egnar seg betre enn andre.

- Tysdag kveld vil det lette noko og onsdag blir det ein fin dag med sol, seier Seter.

Men gleda blir kortvarig.

- Torsdag kjem det inn eit nytt nedbørsfelt og slik det ser ut no kjem det til å bli regn resten av påska, seier Seter.

Lite vind

Trass i dei dystre utsiktene kan Seter roe med at det blir lite vind.

- Det blir bris i låglandet, men i fjellet kan det ved nokre høve blåse frisk bris og liten kuling, seier Seter.

Artikkeltags