– Vi ventar at årets influensa blir kraftigare enn normalt. Lite influensa siste åra, grunna koronapandemien, gir mindre immunitet mot influensa enn normalt. Vi har og grupper som aldri har vore utsett for influensa, til dømes unge barn, seier kommuneoverlege i Sunnfjord kommune, Øystein Furnes.

Han fortel at dette er ein venta «bieffekt» av smittvernsarbeidet i høve koronapandemien, som gav lite smitte og eksponering mot blant anna influensa.

– Årets influensa kan difor bli kraftigare enn normalt. Det kan føre til at ein blir sjukare, om ein får influensa, seier Furnes.

Er du i ei av risikogruppene? Då bør du vaksinere deg!

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet er bekymra for vaksinasjonsdekninga, spesielt blant barn i risikogruppene.

Omtrent 1,6 millionar nordmenn er i risikogrupper for alvorleg influensa. Målet er at minst 75 prosent av disse skal få influensavaksine melder Folkehelseinstituttet i ei pressemelding. Av over 81 000 barn i risikogruppene nasjonalt fekk berre 8 prosent influensavaksine i fjor.

– Er vi flinke i vårt område til å ta influensavaksine?

– Vi ser stor auke i talet som vaksinerer seg mot influensa, spesielt for dei over 65 og hos helsearbeidarar, seier han.

For vaksne med risikofaktorar for alvorleg sjukdom, ligg vi lokalt på rundt 75 prosent dekning. Det er høgt, tilsvarande tal nasjonalt ligg rundt 60 prosent. For barn med risiko for alvorleg sjukdom, ligg vi for lågt også lokalt, seier Furnes.

Furnes fortel at for folk fleste går det fint om ein får influensa., men dei som tilhøyrer ei risikogruppe bør vaksinere seg.

– Barn og vaksne med risikofaktorar for alvorleg sjukdom bør vaksinere seg, og folk over 65 år. Helsearbeidarar bør også ta vaksinen, for å førebygge spreiing av smitte. For risikogruppene reduserer vaksine risiko for alvorleg sjukdom. Det er viktig når ein har låg immunitet i befolkninga og ventar ein kraftig influensa. For tidleg fødde barn, spesielt før veke 32, bør også vaksinerast, seier Furnes.

Influensaen kjem truleg rundt juletider

– Har ein merka noko til årets influensa her lokalt?

– Vi har ikkje registrert teikn til auke, og reknar med at influensaen slår til rundt juletider, seier Furnes.

Influensavaksine blir distribuert denne veka. Frå og med neste veke kan ein få vaksine, om ein har time ho fastlege.

– Det blir tilbod om massevaksinering i Førdehuset 8.- og 15. november. Dei som ønskjer å ta vaksinen kan bestille tid på sunnfjord.kommune.no. For dei som er i risikogrupper blir prisen på vaksinen rabattert. Vi prøver å halde prisen så låg som råd, på 100 kroner. For andre vil normal pris gjelde, seier Furnes.

– Kva er di anbefaling?

– Om du tilhøyrer ei risikogruppe, er helsearbeidar eller over 65 år, ta influensavaksina.

– Og for folk flest?

– Det er inga tilråding om å ta influensavaksine for friske folk, men vaksinen er heilt trygg, og alle som ønskjer å ta den kan gjere det. Risikoen for alvorleg sjukdom som følge av influensa er veldig låg hos friske folk.

Fleire år med koronapandemi har gjort folk flest gode på smittevern fortel Furnes. Han seier at det er vanlege råd om smittehygiene som gjeld: Hald avstand, vask og sprit, hald deg unna folk om du har symptom.

– Det blir ikkje karantene og isolasjon, som under koronapandemien, seier han og fortel at ein positiv bieffekt av koronapandemien.

– Folk har blitt flinke til smitteførebygging sidan pandemien varte så lenge. Det håpar eg vi held fram med, seier han.