Leiar i Sogn og Fjordane Venstre vil kaste ut Listhaug

VIL HA SYLVI UT: Fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Venstre er klar i sin tale når ho blir spurd om ho ikkje vil ha Listhaug som innvandringsminister meir. – Ja, svarar ho Klassekampen kontant.

VIL HA SYLVI UT: Fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Venstre er klar i sin tale når ho blir spurd om ho ikkje vil ha Listhaug som innvandringsminister meir. – Ja, svarar ho Klassekampen kontant. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VENSTRE: Gunhild Berge Stang vil ha Sylvi Listhaug ut av posten som innvandringsminister, dersom Venstre vel å gå i regjering med Høgre og Frp.

DEL

Denne veka vil det verte avgjort om Venstre vil råde stortingsgruppa si til å gå i regjeringsforhandlingar.

Gunhild Berge Stang er av dei som er positive til å gå frå sondering til forhandlingar, sjølv om ho ikkje har teke eit standpunkt om partiet bør gå i regjering.

– Det er lurt å gå i forhandlingar, men det er ikkje dermed sagt at det er lurt med regjering. Det handlar om kva Venstre får att. Det skal store gjennomslag til for å gå i regjering, seier Berge Stang i eit intervju med Klassekampen.

Ho gjer det klart at Venstre ikkje ønskjer at Frp skal halde fram med å ha innvandringsministerposten, men vil ikkje gå klart ut med kva ministerpostar Venstre ønskjer å ta over.

– Det er sakene som er viktig. Så har eg vel fleire tankar om kva parti som ikkje bør ha spesielle statsrådspostar, seier Stang.

Klassekampen følger opp med å spørje om det er ein måte å seie at ho ikkje vil ha Listhaug som innvandringsminister meir.

– Ja, svarar Berge Stang.

Artikkeltags