Sogn Avis: Klokka 18:23 fekk alarmsentralen via politiet melding om ei trafikkulukke på Årøyvegen i Sogndal.
– Det er ein bil med hengar som har fått sleng og velta. Ombord i hengaren var det jetbrensel til helikopter, fortel Stine Mjelde hos operasjonssentralen til Vest politidistrikt.
– Vil saka bli etterforska, sidan det var farleg gods involvert her?
– Det får vi komme tilbake til. Det blir ei totalvurdering vi tek etter at patruljen har vore på staden.
Brannvesenet rykte ut saman med politiet. Det skal ikkje vere fare for nye ulukker, og det er ikkje meldt om personskade.
– Ein bil med tilhengar har velta. Hengaren er lasta med flybensin, mest truleg, men det skal minimal lekkasje frå han, seier vaktkommandør Jostein Steinsland-Hauge i 110 Vest.
– Jobben til brannvesenet blir no å hjelpe til med å stoppe lekkasjen, og hindre at gassen og væska som eventuelt har danna seg tek fyr, seier Steinsland-Hauge.
Det er førebels ikkje meldt at uhellet får konsekvensar frå trafikken på riksveg 55. Bilbergar er rekvirert.