Ine flytta til Dubai for å trene meir, det resulterte i eit gull i Tyskland

FLYTTA: Ine Andersson (ståande) flytta heilt til Dubai for ein jobb og ein kvardag som gjorde at ho kunne trene fleire økter om dagen.

FLYTTA: Ine Andersson (ståande) flytta heilt til Dubai for ein jobb og ein kvardag som gjorde at ho kunne trene fleire økter om dagen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VEKTLØFTING: Ine Andersson og Marit Årdalsbakke imponerte under Women Grand Prix i Tyskland.

DEL

På vektløftarcupen gjorde Tambarskjelvar-utøvarane gode prestasjonar. Ine Andersson klarte å løfte 88 kg i rykk og 105 kg i støyt, og vann med dette gull i 63-kilos klassen. Dette vart også nest beste poengsum på heile stemnet.

– Det må vere det beste stemnet ho har gjort. Ho sette ny personleg rekord i rykk og gjorde det særs bra, fortel trenar Gunnar Reiakvam til Firda.

Ine Andersson som flytta til Dubai på grunn av eit jobbtilbod og som kunne gjere at ho fekk trene to økter om dagen, er glad over prestasjonane ho fekk til.

– Det gjekk betre enn forventa. Eg hadde ein lang flyreise før meisterskapet og ikkje noko særleg optimal opplading. Eg er veldig nøgd med ny personleg rekord i rykk. Eg prøvar å bruke ein heilt ny teknikk, så eg synest det var kjekt at fungerer, fortel Ine Andersson til Firda.

Etter eit halvt år i Dubai har Ine trena meir på eiga hand.

– Her har ikkje eg eigen trenar og eg brukar meir videokamera for å sjå korleis eg kan forbetre meg, treng eg innspel sender eg filmen over til trenaren min i Naustdal, seier ho.

Sjå Ine sine løft under Women Grand Prix lenger nede i saka.

Jaktar VM-kravet

Ine Anderssons nye kvardag i Dubai er litt annleis enn det ho hadde tidlegare til, men treningskvardagen og motivasjonen har aldri vore betre.

– Eg var litt mentalt sliten før EM i Førde, etter det har eg verkeleg fått ein opptur. Eg har meir motivasjon enn tidlegare og satsar hardt.

Neste hovudmål er Nordisk meisterskap i Sverige første helga i september.

– Der skal eg prøve å kvalifisere meg til VM. Eg manglar berre nokre få poeng, i forhold til det eg presterte i Tyskland. Eg skal jobbe for å klare det i Sverige, eg vil sei det er realistisk, fortel ho.

GULL: Ine Andersson tok gull i 63-kilos klassen og satte personleg rekord i rykk med dette løftet på 88 kg.

GULL: Ine Andersson tok gull i 63-kilos klassen og satte personleg rekord i rykk med dette løftet på 88 kg. Foto:

100 kg over hovudet

Ei anna frå same klubb, Marit Årdalsbakke sette ny personleg rekord i støyt. Der klarte ho å komme seg over den magiske 100-kilosgrensa. I rykk klarte ho 83 kilo, noko som var godt nok for ein bronsemedalje i 69-kilos klassen.

– Det var kjekt å sjå at ho klarte å løfte 100 kg i støyt. Ny personleg rekord for Marit og ho gjorde det godt.

Saman tok Ine Andersson og Marit Årdalsbakke gull i lagkonkurransen, på eit samansett lag frå Norge med to andre utøvarar.

Sølv og bronse

To andre jenter som tok medalje under Women Grand Prix var Sandra Trædal frå Tambarskjelvar og Lone Kalland frå Naustdal som løftar for Nidelv vektløfting klubb.

Sandra Trædal tok 2.-plass i 53-kilos klassen med 63 kg i rykk og 82 kg i støyt. Lone Kalland tok 3.-plass i 90-kilos klassen med 63 kg i rykk og 76 kg i støyt.

– Dette var eit kjempebra stemne for vår del. Eg må gje stor ros til utøvarane som presterte veldig bra, seier Reiakvam.

NØGD: Gunnar Reiakvam (t.v. bak) var særs nøgd med det Tambarskjelvar presterte under Women Grand Prix i Tyskland.

NØGD: Gunnar Reiakvam (t.v. bak) var særs nøgd med det Tambarskjelvar presterte under Women Grand Prix i Tyskland. Foto:

Artikkeltags