Elbilfordelane er ei av årsakene til at det er framleis er færre som reiser kollektivt samanlikna med åra før pandemien, skriv Vegvesenet i eit brei til Samferdselsdepartementet torsdag.
Vegvesenet vil i første omgang auke takstane for elektriske personbilar i bomringane i dei store byane til 70 prosent av full takst, og tilrår at det frå 2025 bør bli like takstar for alle typar bilar.
I brevet skriv Vegvesenet også at moglegheita for elbilar til å køyre i kollektivfelta bør avgrensast til dei som har med passasjerar. Kommunane lokalt bør likevel framleis få avgjere om det skal vere rimelegare å parkere med elbil.
– Ein elbil er også ein bil som tek plass i trafikken. Vi har som mål å redusere biltrafikken i og inn mot dei største byane. Med ein halv million elbilar på vegane nærmar vi oss eit punkt der det må vurderast ei gradvis avvikling av takstfordelane i bomringane, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
(©NPK)

Dette seier bilbransjen om det nye momsfritaket for elbilar

NAF-direktør ut mot drivstoffprisane: – Testen på om vi har ei distriktsregjering
