Gå til sidens hovedinnhold

Vegvesenet vil ha alders- og promillegrense for elsparkesyklar

Statens vegvesen foreslår ei rekkje nye reglar for elsparkesyklar for å tryggje ferdselen og redusere parkeringsproblema.

No sender samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) forslaga ut på høyring, skriv NRK.

Vegvesenet foreslår mellom anna å innføre same promillegrense som for bil, 0,2 promille. Dei vil òg innføre 12 års aldersgrense og foreslår krav til gangfart på 6 kilometer i timen ved passering av gåande på fortau, gangveg eller i gangfelt.

I tillegg blir det opna for å krevje bruk av hjelm og forbod mot å vere fleire enn éin person på elsparkesykkelen.

I forslaget til nytt regelverk får kommunane og politiet moglegheit til å påleggje parkeringsbøter, og dessutan opprette særskilde parkeringsområde for elsparkesyklane. Tilfeldig plasserte syklar har skapt strid i mange norske byar.

Målet er at eit nytt regelverk skal vere på plass våren 2021.

Kommentarer til denne saken