Statens Vegvesen hadde tysdag ein kontroll på E39 ved langeland. Her vart 14 køyretøy kontrollerte.

To av desse fekk bruksforbod. Den eine for overlast og den andre for manglande sikring av lasta.

I tillegg fekk fire køyretøy skriftleg teknisk mangellapp: Dette fekk dei for manglande bremser på ein tilhengar, lysmanglar og sprekk i ei frontrute.

I samme kontroll fekk også ein førar advarsel grunna brot på køyre - og kviletidsreglane. Med det blir transportøren kalla inn til foretakskontroll.