Det har vorte ein noko kjølig start på april, og laurdag morgon lavar snøen ned fleire stader.

E39 mellom Sande og Førde har slaps og snø lagt seg i vegbana, og det same gjeld mellom Vassenden og Skei.

– Brøytemannskapa er på veg, seier trafikkoperatør Gaute Losnegård ved Vegtrafikksentralen Vest.

Men det er ikkje i låglandet at snøen lagar mest krøll. På grunn av uvêr står fleire av fjellovergangane i fare for å verte stengde, og nokre er allereie stengde for trafikk.

Fv. 50 Hol-Aurland er stengd. Rv. 7 over Hardangervidda er stengd for mindre køyretøy, men det er kolonne for køyretøy over 7,5 tonn. Hemsedalsfjellet på rv. 52 er det kolonnekøyring, men vegen kan bli stengd på kort varsel.

Har du allereie tatt påskeferie og har planar om å reise vekk, har Losnegård ei oppmoding til deg:

– Skal du over fjella, ville eg ha venta til måndag eller tysdag. Vêret skal vere stabilt dårleg heile helga.

Vidare ber han alle reisande om å halde seg oppdaterte på fjellovergangane på Vegvesenet sine sider.