Det skal skiftast rekkverk og fundament. I tillegg skal det utbetrast betongskadar, opplyser Vegvesenet i ei pressemelding.

Arbeidet blir sett i verk i vår, og skal vere fullført innan november 2024. Det er sett av 60 dagar til kvar bru, og arbeidet vil i hovudsak utførast på dagtid. Fleire av strekningane vil bli innsnevra til eitt køyrefelt i heile eller deler av anleggsperioden.

Desse bruene skal utbetrast:

  • Sag, Årskog og Holmøy bru på E39 i Eid
  • Torvik og Skårhaug bru på rv. 15 i Eid
  • Eide II og Øvstefoss bru på rv. 15 i Stryn
  • Hallinggrov bru I på E16 i Aurland
  • Bærelva bru på rv. 5 i Naustdal
  • Aven bru på E39 i Høyanger