Vegtrafikksentralen Vest melder måndag klokka 14.00 at det er kø på ferjesambandet Lavik – Oppedal.
Køen blir meldt å vere på Oppedal-sida, og ventetid er berekna å vere om lag 20 minuttar.
Trafikkoperatør Kjetil Larsen fortel til Firda at det også i dag er høg ferieutfart som er åraska, slik det har vore også mange av dei siste dagane.
Det er ikkje meldt om kø på Lavik-sida.
– Det er berre det at det er så mange som skal inn til vakre Sogn, seier han og ler.