Vegvesenet går for full rassikring mellom Førde og Naustdal. Men inga E39-omlegging ved Førde

Statens vegvesen foreslår å prioritere inn den store rassikringa på Rv. 5 mellom Førde og Naustdal i første transportplanperiode. Men trafikantane risikerer å måtte vente på omlegginga av E39 ved Førde til etter 2033.