Gå til sidens hovedinnhold

Vegtrafikksentralen: – Ver obs. Mildvêret er på veg

I ytre strok av fylket er det begynt å regne.

– Vi har fått inn nokre meldingar etter klokka 12 i dag. Dei går på at det er isete og glatt på vegen, seier trafikkoperatør Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen vest.

Mildvêret er på veg innover fjordane, noko som kan føre til svært glatte vegar.

Entreprenørane er ute

– Vi har kontakt med entreprenørane. Dei er ute og jobbar med førebygging, seier Sangolt.

Søndag ettermiddag er det regnvêr langs kysten.

– Dei meldingane vi har fått inn er frå ytre strok. Bremanger, Kinn, Askvoll. Der er det glatt. Viss det blir mildare lenger innover i fylket også, noko som for så vidt er meldt, så kan det bli glatt der også, seier Sangolt.

Han ber bilistar å vere obs og køyre etter forholda.

– På fjellovergangane er det fint no i ettermiddag. Klart og kaldt. Det er lite vind, men om den tek seg opp kan forholda endre seg.

Vêrskifte

Meteorologane melder om at eit vêrskifte er på gang. Sprengkulda og godvêret ser ut til å vere over for ei stund.

Det er meldt temperaturar rundt null, litt over og litt under, i store delar av Sunnfjord den kommande veka. Det vil også komme ein del nedbør. Nokre stader som snø. Andre stader som regn eller sludd. Mest nedbør er det meldt søndag kveld og måndag.

Les også

Regn, sludd og vind. – Det blir ein guffen dag

Les også

Her vart det målt 19 minusgrader torsdag

Kommentarer til denne saken