I morgontimane vart Firda tipsa om glatt vegbane på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Tor Evensen, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen vest, seier at folk bør vere oppmerksame på vegane i morgonrushet.

– Vi har hatt saltebilar ute i natt. Entreprenørane har ikkje motteke meldingar på spesifikke utsette område, men når temperaturen ligg ned mot null grader kan vi ikkje utelukke at enkelte vegar vil vere glatte. Vi oppmodar difor alle som skal ut å ferdast i trafikken om å ta det med ro.