Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar om glatte vegar

– No bør folk vurderer om dei skal legge om til vinterdekk.

DEL

Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar om glatte vegar i morgontimane søndag.

Dette gjeld over Langeland mot Førde. Der har strøbilen vore på staden.

Også i Bremanger på strekninga Ålfoten-Isane og Svelgen, kom det meldingar om litt slaps i vegbana. Også der har entreprenørar vore på ferde og brøyta, fortel vegtrafikksentralen søndag morgon.

– Vi er inne i ei tid der det ofte er glatt, og folk bør nok vurdere om dei skal legge om. Dei må iallefall køyre etter forholda, seier Idar Sangolt i vegtrafikksentralen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken