Torsdag morgon har Vegtrafikksentralen vest fått inn to meldingar om glatte vegar i Sogn og Fjordane.
Trafikkoperatør, Eirik Elnes, seier dei har fått melding om at det er glatt på riksveg 5. ved Kjøsnesfjorden.
Dei har også fått melding om at det er glatt mellom Gaupne og Skjolden i Luster.
Trafikkoperatøren fortel at det også er kome noko stein ned i vegen i Luster, ved avkøyringa til Harastølen. Det skal ikkje vere snakk om store mengder, men entreprenør er sendt ut for å fjerne steinen.