Vegtrafikksentralen: – Det er vinter. Ha det i tankane når du skal ut og køyre

SNØDEKT: Snøen har lagt seg i vegen fleire stadar. Dette bildet er frå Halbrendslia på E39 i Førde måndag klokka 07.07.

SNØDEKT: Snøen har lagt seg i vegen fleire stadar. Dette bildet er frå Halbrendslia på E39 i Førde måndag klokka 07.07. Foto:

DEL

Det snør kraftig fleire stadar i Sogn og Fjordane denne måndags morgonen, men så langt ser det ikkje ut til å ha skapt dei store problema for bilistane.

– Vi har fått inn ei melding frå ein entreprenør på Stad. Der snør og bles det så kraftig at dei ikkje klarar å halde fylkesvegane mellom Leikanger og Skåbø og Leikanger og Honningsvåg innanfor standarden, opplyser vakthavande på Vegtrafikksentralen klokka 07.00.

Dei minner om at folk må køyre etter forholda.

– Det er vinter. Ha det i tankane når du skal ut og køyre i dag.

Har du andre tips frå trafikken vi burde vite om? Tips oss på redaksjon@firda.no eller 57833333.

Artikkeltags